interiorarkitektane.no

interiørarkitektur · design


Herøy kyrkje, Fosnavåg
Arkitekt: Madsø, Lund, Sveen, AS, Trondheim.
Byggherre: Herøy Kyrkje
Ferdigstilling: Februar 2003
Nybygg. Møbleringsplanar, design liturgiske møblar, farge, materialval.



Sjå fleire foto


PROSJEKTBESKRIVELSE

Liturgiske møblar:

Retningsgivande for utforminga av dei liturgiske møblane var å gi dei eit utrykk av å vere for ei kyrkje anno 2003, noko som også vart klart uttrykkt frå utsmykkingsnemda for kyrkja.

Vidare var det ynskje om at alter, døypefont og talarstol skulle framstå heilheitleg og ha eit likeverdig uttrykk.
Med sistnemde som utgangspunkt valde vi å bruke eins material på både alter, døypefont og talarstol samt gi dei ei form av felles karakter/tyngde. Møblane er basert på ei enkel, rektangulær grunnform i betong, som ber ei stålplate (olja svartstål). I stålplata er det lagt inn ornamentikk/symbol knytt opp mot møbelets liturgiske funksjon. (Etsing med fargepigment). I nedkant på alter er det dessutan støypt inn ornament i betongen av ulike korstyper som dannar ein bord. Same borden går igjen i stålplata, men i ein etsa/pigmentert utførelse.

På døypefont og alter er stålplata også den som lyfter opp/ber fram henhaldsvis døypefat og kalk/disk. Ein kan også sjå på utforminga av stålplata som vår tolking av eit alters antependelum eller alterduk, på same måte som stålplata i front på talarstolen kan vere eit lesepultklede. Motiva i etsingane på stålplatene her er henhaldsvis kornaks på talarstol og eit duemotiv i døypefont. Duemotivet går også igjen i døypefatet. Døypefat og mugge i farga munnblåst/støypt glas står i form og material i fin kontrast til resten av døypefonten – samtidig som fargane hentar fram fargar frå ladal glasa brukt i kyrkjefasaden. Døypefonten har i tillegg fått ein godtsynleg glasmonter under det nye døypefatet. Her ligg restane av det gamle døypefatet som blei øydelagt då gamle Herøy kyrkje brann ned for nokre år tilbake. På denne måten er litt av det gamle blitt teke med vidare i liturgien.

For oss var det viktig at møblane framme i koret skulle ha eit enkelt, men sterkt uttrykk, utan at det skulle konkurrere med den fargesterke altertavle og alterveggen bak.
Dette var også retningsgivande for den utforming og lettheit knelebenkane har fått. Knefalla er laga av ei enkel rame i stål/firkantrør med ei topplist i heiltre ask. Kneleputene er i eit raudfarga stoff som tek nydeleg opp fargen frå altertavla bak og står flott til det mørke skifergolvet. Knefalla er byggd opp modulvis og kan varierast i antal eller fjernast heilt alt etter behov.

Stolar blei valgt framfor benkar for å gjere kyrkjerommet meir fleksibelt.Stolane som vart valt til salen har ei stram enkel form (rekkjene gir eit benkepreg) og er i lys bjørk (ask som er tresorten nytta elles i kyrkjerommet viste seg umuleg å få produsert fram denne stolmodellen) med eit mørkt koksgrått einsfarga stoff i sete. Dette for å bevare eit roleg uttrykk over stolrekkene, slik at dei går mest muleg i eitt med golvfargen.Ved å halde på den same enkelheit og nøytrale fargebruk som kyrkja har arkitektonisk, kan altertavle og dei fargesterke ladal vindauga stå og gløde og gi farge til rommet.

Den kunstneriske utforminga på dei liturgiske møblane er utført i samarbeid med Per Odd Aarestad, som har hatt den øvrige utsmykkinga av kyrkja.
Døypefat og mugge i farga glas er utført av glaskunstnar Ine Harang, Molde.