Høgskulen i Volda, Berte Kanutte bygget
Arkitekt: Bovin, Fuglu & Svingen, Oslo
Byggherre: Statsbygg
Ferdigstilling: 1997
Nybygg. Møbleringsplanar, farge, materialval, spesialinnreiing, anbods og mengdebeskriving, anbodsinnhenting.
Sjå fleire foto
PROSJEKTBESKRIVELSE
Det nye bygget er frittliggande og er plassert i gangsona mellom dei eksisterande bygga til Høgskulen, slik at denne gangsona knyter byggja saman og er ein del av det nye bygget.
Byggherre har vore Statsbygg, og nybygget vart offisielt opna i september 1998. Bruttoarealet er på 8000m2. Felleskantina, med varmkjøken, for studentar og ansatte har 298 sitteplassar, Biblioteket går over to etasjer og har 75 leseplassar inne i samlinga, i tilleggg er det 147 studieplassar fordelte på 3 lesesalar. Vidare er det to auditorium med 174 og 54 plassar, 7 dataarbeidsstover med 84 plassar, språklab, seminarrom, kontor til humanistisk avdeling, studentsamskipnaden, studentrådet og fellesadministrasjonen og tekniske rom.
Den naturelege gangsona mellom dei tidlegare skuleanlegga blir ført gjennom og dannar livsnerven i det nye fellesbygget. Alle dei ulike funksjonane og tilboda i bygget grensar mot det sentrale lineære torget.
Utforminga av bygget er prega av det lange midtbygget med tilliggjande bygningskroppar. Midtbygget rommar kontor og mindre undervisningsrom. Bygningskroppen mot nord rommar bibliotek over to etasjer og to auditorium, som er delvis nedgravne i terrenget. Mot sør ligg felles kantine som eit ope og lyst areal med god kontakt til det indre gangsambandet og openheit mot landskapet og uteareala.
Innvendige fellesareal legg til rette for uformell kontakt og meiningsutvekslingar.
Omsynet til dette har vore grunnleggjande for val av løysingskonsept. Auditorium, bibliotek og fellesareal har ein heilskapeleg material- og fargebruk.
Vrimleareal i 1.etg. og messanin har fått ein større grad av detaljrikdom gjennom romlege kvalitetar og synlege konstruksjonar som ein viktig del av uttrykket i interiøret.
I dette oppdraget var det stort behov for å spele på lag med bygget og vidareføre dei linjene, fargane og materialvalga som i stor grad låg føre då planlegginga av innreiinga starta opp. Det var også naudsynt å velge møblar som ikkje ville ta merksemda vekk frå arkitekturen, men som i form, farge og material skal utfylle dei formsterke roma.