interiorarkitektane.no

interiørarkitektur · design


Sunnmørsposten. Ålesund
Arkitekt: Solheim & Søvik AS, Ålesund
Byggherre: Trygstad Bygg AS
Ferdigstilling: 2002
Nybygg. Møbleringsplanar, farge, materialval, spesialinnreiing, tilbods og mengdebeskriving, tilbodsinnhenting.



Sjå fleire foto

PROSJEKTBESKRIVELSE

Tett samarbeid mellom int.ark./arkitekt, oppdragsgivar, samt tilsatte i SMP.Sistnemde var spesiellt viktig for å skape tryggheit for en ny jobbsituasjon (fra cellekontor til åpe landskap). Landskap ble valgt for å enkle kommunikasjonen internt, samt gjere omorganiseringar enklare.(Cellekontor kun for leiing og personar med personalansvar). Det ble tidleg i prosessen bestemt at kvar av de tilsette skulle ha sin personlege arb.plass. Det ble jobba frem ei løysing som skulle gi mest muleg ro ute i landskapet og rundt kvar arb.plass, samtidig som mest muleg av åpenheita skulle bevarast.Bortsett fra deskområdet som er heilt utan skjerming, består kvar journalist plass av ein “bås” byggd opp av skjermveggar i høgde 140 cm.På den måten er ein beskytta når ein sit, men har oversikt når ein står/beveger seg rundt. Plassane er plassert etter kvarandre, med same hensikt å skape mest muleg ro for den enkelte. Det er unnlete å plassere besøksstolar ute i landskapet, alle møter skal foregå på møteromma som er lagt i landskapets ytterkant.Treng ein absolutt arbeidsro finns det tre små rom med ein arbeidsstasjon i kvar (PC,tlf), som alle kan nytte ved behov. Høgda på skjermveggane er også retningsgivande for høgder på reolar m.m. ute i l.s., dette gir ei visuell ryddigheit.

På det estetiske plan er det i innreiinga lagt vekt på et material- og formspråk som innordnar seg bygget arkitektonisk.Målsetjinga var å gjenspegle noko av SMPs profil; der SMP m.a. ynskjer å framstå som ei moderande framtidsretta avis med forankring i lokal tradisjon av nøkternheit og kvalitet. Dette har gitt eit sobert og nøkternt interiør, der kvalitet og tidløyse er vektlagt samtidig som det skal være moderande.Møblar i sjølve landskapet/arbeidssonene er haldt i nøytrale rolege fargar (bjørk,mørk grå lakkerte flater),medan møblar i fellesareal som bibliotek, kaffibarar,møterom er brukt raudt som en kontrast(aktivitet/aktiv farge).
Kantine og auditorie har ein syrleg frisk og litt sær grønnfarge som også “sparkar” frå.
Som små referansar til avis/det skrevne ord er det i auditorie og café brukt et stoff i stolane med skrift i, det same gjeld laminat på benkeplater. Det er også saksa artiklar/annonser fra hele SMPs historie som er sett saman i en collage i “sandblåst” folie og brukt på nokre glasinnerveggar og dannar ein “utstillingsvegg” i publikumsarealet, samtidig som det gir litt skjerming mot arbeidsplassane innanfor.
Dei raude stolane som blei valgt i publikumsarealet er med si mjuke og runde form ei fin kontrast til bygget og blir produsert lokalt på Sunnmøre. Å nytte også lokale produsentar var eit bevisst ynskje frå SMP, med bakgrunn i den viktige rolla møbelindustrien har i regionen. Fast innreiing som skranke, publikumstasjonar, talarstol er spesialdesigna av int.ark. til dette bygget og er også produsert lokalt.