Ulstein vidaregåande skule, Ulsteinvik, Møre og Romsdal fylkeskommune
Arkitekt: Arki, Ulsteinvik
Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune
Ferdigstilling: 1. byggetrinn august 2002
Påbygg, rehabilitering. Møbleringsplanar, farge og materialval, spesialinnreiing, tilbods og mengdebeskriving, tilbodsinnhenting.
Sjå fleire foto
PROSJEKTBESKRIVELSE
Det eksisterande bygget er frå 1980, men var allereie svært nedslite. Det hadde eit ope atrium som i dag har blitt eit hyggeleg samlingspunkt som del av kantine, inngangshall og med inngong til bibliotek og administrasjon. Bygget har fått ny fløy med auditorium og rom til dei yrkesretta linene. Fargevalet både innvendig og utvendig bitt det nye bygget saman med det eksisterande, samstundes som dei har sitt eige utrykk. Dei lange eksisterande korridorane, som vart forlenga med det nye påbygget, vart ei utfordring, og vi har prøvd å motverke lengda ved å legge golvbelegget i diagonale fargefelt i ulike breidder. Vår del av arbeidet omfatta innvendig og utvendig farge og materialval, møbleringsplanar, tilbods og mengdebeskrivingar, tilbodsinnhenting.